LEVE HEMMELEG



LEVE HEMMELEG

det viktigaste er ikkje å hugse
men å gløyme
kort pause
for når ein gløymer
hugsar ein også
men noko anna
ganske kort pause
og alltid er vel noko anna
det beste
ganske kort pause
ja
ja for
bryt seg av
og kanskje er det like
ja viktig
å la vere å sjå
som å sjå
og det er jo sjølvsagt
ja
ja at det er like viktig
ikkje å bli sett
som å bli sett
like viktig ikkje å vite
som å vite
kort pause
for det eine er vel
på sitt vis
like sant
som det andre
ganske kort pause
og eg
ja
jo
jo eg vil vel bli sett
men
ja og eg vil ikkje bli sett
ganske kort pause
men det er jo sjølvsagt
ganske kort pause
men ja
ja
ja dei seier at dei vil bli sett
eller dei oppfører seg slik
ja
kort pause
ja at unge jenter
bryt seg av
ja ja
ja det er no så
men sant det er det no ikkje
kort pause
ja
ganske kort pause
ikkje for meg
i alle fall
sett
ja
ja
ja eg vil vel bli sett
men forstått
spørjande
vil eg bli forstått
Slett ikkje
Det som er forstått
finst ikkje lenger til
anna enn noko som er forstått
Pause
Slik tenkjer eg
Pause
For det gjeld om å leve hemmeleg
Kort pause
Det har dei ikkje fått med seg
dei trur
at blir det sagt og utsagt og framvist
så blir det omgjort til noko
som er godt
for ein sjølv
for andre
slik er det
Kort pause
spørjande
dei
men kven er no dei
kven er dei eg snakkar om
dei
pause
humrar
Kor dumme dei er
Kort pause
For det det dreier seg om
det er å leve hemmeleg
Kort pause
Kor dumme er dei ikkje
Pause
Og kor dum er ikkje eg
Pause
Men
ja
ja utan å forstå
prøver eg så godt eg kan
å leve hemmeleg
Kort pause
Men kan eg gløyme
Hugsar eg ikkje alt
alt
eg
bryt seg av. Pause
For sjela kan aldri sjåast
den vil ikkje la seg sjå
Kort pause
slik er det
Pause
Så la alle menneske
få leve sine liv
i løyndom
la dei leve hemmeleg
Pause
La meg meg leve hemmeleg
Pause
Ja




by JON FOSSE

Aucun commentaire: